Disputas

Kari Bergset

«Foreldreskap i eksil. Ein sosiokulturell studie av forteljingar om foreldrepraksisar i kulturelt komplekse kontaktsoner»

Bergset disputerte 16. desember 2019 ved OsloMet for doktorgrad i Sosialt arbeid og sosialpolitikk ved Institutt for sosialfag. Avhandlinga vil utvikle kunnskap om foreldre i eksil sine kvardagspraksisar og meiningsskaping om desse. Flyktningforeldre utgjer ein minoritet som er utsette for majoriteten si meining om deira praksisar, og studien rettar difor merksemda mot deira eigen meiningsskaping i kontekst. Studien er basert på 27 forteljande intervju med 12 fedrar og 13 mødrer i 16 familiar som i intervjuperioden hadde budd i Noreg i om lag 10 år, og som hadde kome til landet som asylsøkarar, overføringsflyktningar eller familieforeina med desse. Familiane kom frå Afghanistan, Somalia og Irak, og var busette på Nordvestlandet.

Powered by Labrador CMS